Hjelpetiltak frå barnevernstenesta

Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Eksempel er råd og rettleiing, støttekontakt, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak.

Målgruppe

Tiltaka kan treffast overfor barn under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak som er sette i verk før barnet har fylt 18 år, halde fram eller bli erstatta av andre tiltak fram til barnet har fylt 23 år.

Kriterium

Behov for hjelpetiltak må vere dokumentert.

Klage

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om barnet/familien har fått tildelt tjenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Rettleiing

Alle (foreldre, vener, grannar, barnehage/skole, helsestasjon, osb.) som ser at eit barn har særleg behov for det, kan melde frå til barnevernstenesta om at barnet treng eit hjelpetiltak.

Søknad merknader

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Når forholda i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særleg behov for det, kan barnevernstenesta setje i verk hjelpetiltak for å betre situasjonen til barnet. I slike tilfelle legg ein vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet. Omsynet til det som er det beste for barnet, skal vere avgjerande for kva for hjelpetiltak som blir sette i verk.
Tilbake
Levert av ACOS AS
Høyanger kommune, August Gunnarskogsgt. 1, Postboks 159, 6991 Høyanger, telefon: 57 71 15 00, fax: 57 71 15 01 postmottak@hoyanger.kommune.no      Org.nr.: NO 944439838 mva      Webredaktør: Kultursjef Anita Nordheim