Melding om lovlege bål/brenning til Høyanger brann og redning av ansvarleg meldar, tidlegast dagen før og seinast same dag innan kl. 10:00. Skjema går til: postmottak@hoyanger.kommune.no og vakt@hoyanger.kommune.no
Du kan kontakte vakthavande brannbefal på tlf. 992 19 400 om du har spørsmål.
Høyanger brann og redning gjev ingen tillatelse til brenning. Bålbrennar er sjølv ansvarleg for å sette seg inn i gjeldande lovverk, samt lokal forskrift om åpen brenning i Høyanger kommune.
Sjølv om melding av bål eller anna type brenning er meldt til Høyanger brann og redning, kan brannvesenet stille vedkommande økonomisk ansvarleg for eventuell utrykking om bålet kjem ut av kontroll, eller om det kjem klage på grunn av røyk eller liknande, slik at bålet krev sløkking av brannvesenet.
Brenning skal vere avslutta innan mørkets frambrot.
Ha slokkemiddel tilgjengeleg, og kontroller at alt er sløkt etter brenning!
Dersom brenning kjem ut av kontroll, ring 110!