Informasjon
KS tilrår at arbeidsgjevar jamnleg bør undersøke om medarbeidarar og
styremedlemmer kjenner, og etterlever dei etiske retningslinene, og om det blir
reagert ved brot på retningslinene.
Høyanger kommune sine etiske retningsliner punkt 5)
INTEGRITET/INTERESSEKONFLIKT/HABILITET seier:
«Folkevalde og tilsette skal unngå å koma i
situasjonar som kan medføra konflikt mellom kommunen sine interesser og eigne
interesser. Det same gjeld situasjonar som inneber ein konkurransesituasjon
eller som medfører ein lojalitetskonflikt
Døme på mogelege interessekonfliktar kan
vere:
forretningsmessige tilhøve til
tidlegare arbeidsgjevar eller arbeidskollegaer
lønna bierverv som kan påverke
arbeidet i kommunen.
engasjement i interesseorganisasjonar
eller politisk verksemd som berører forhold som den einskilde arbeider med i
kommunen.
personlege økonomiske interesser som
kan medføra at vedkomande medarbeidar kjem i ein konkurransesituasjon eller
lojalitetskonflikt i høve til kommunen si verksemd.
familiære og andre nære sosiale
forbindelsar.
kjøp av private tenester frå kommunen
sine leverandørar