Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 31.03.2020: Ingen nye smittetilfelle. 

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 
Tenester

Bookbites på biblioteket I Høyanger kommune

Klikk for stort bilete Biblioteket har ei stor samling e-bøker som kan lånast gjennom appen «Bookbites». Du kan bruka Bookbites på nettbrett og mobil, som nyttar operativsystema iOS eller Android.

Du må opprette ein brukar i Bookbites første gang du registrerar deg, du trenger ditt nasjonale lånekort nummer og du får tilgang via epostadresse og passord. I Bookbites kan du låne, reservere og lese bøker kvar en du er.

Ta kontakt med oss på bibliotek om du har spørsmål vedrørande Bookbites og ebøker.

Meir informasjon finner du på Bookbites

Vi bytta utlånsløsning for e-bøker ved nyttår. Etter dette har ikkje vår samling av e-bøker vert tilgjengelig på vår tidlegare løysing, eBokBib.

Kvifor bytte utlånsapp?

Bytte av leseapp kjem som et resultat av ein anbudsprosess.

Vi gleder oss over å presentere BookBites. Appen har ein godt utbygd lesefunksjonalitet, der ein kan tilpasse og markere teksten, skrive notatar og slå opp ord. Ein kan også endre bakgrunnsfarge og boka opnar seg på den sida du avslutta førre lesing. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, og det er og muleg å levere inn det du har lånt før forfallsdato. Bøkene kan leses offline.

Frie e-bøker

Frie e-bøker omfattar eldre bøker der opphavsretten er falt i frå.

 

Bli ein aktiv lesar!