Adopsjon

Formålet med adopsjon er i første rekke å gje ein god og varig heim til barn som dei biologiske foreldra ikkje kan ta vare på. Adopsjon skal alltid vere til beste for barnet. Det er ei kommunal oppgåve å tilrå søknader om adopsjon (sosialrapport). Det er Barne,- ungdoms- og familieforvaltinga (BUFA) som fattar endeleg vedtak om innvilga (evnt. avslag) på adopsjonssøknaden.

Søknadsprosess

Bustadkommunen har ansvar for innhenting av sosialrapport i samband med sakshandsaminga ved adopsjon av ukjent barn. Utarbeiding av sosialrapport er eit viktig dokument i samband med adopsjonssøknaden.

For å starte prosessen, må du tinge time hjå sakshandsamar for samtale. I samtalen med sakshandsamar får du informasjon om den vidare saksgang, oversikt over kva naudsynt dokumentasjon som må følgje søknaden, du får rettleiing til utfylling av sosialrapport og informasjon om første heimebesøk.

Heile adopsjonsprosessen omfattar 2-3 heimebesøk, evnt. 1-2 samtaler på kontoret. Totalt må ein pårekne ca. 6 mnd. sakshandsamingstid.

I samband med innhenting av informasjon til sosialrapporten, må all naudsynt dokumentasjon må liggje føre før første heimebesøk.

Søknad om adopsjon av fosterbarn

Merk at søknad om adopsjon av fosterbarn sendast via barneverntenesta i kommunen som har omsorg for barnet.

Søknad om adopsjon av stebarn

Søknad om stebarnsadopsjon kan sendast direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sitt regionkontor.

Kontakt

Barnevernleiar
  • Tlf: 57 71 16 72
  • Mob: 992 19 374
  • E-post: