Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Avlastning i sjukeheim

Avlastinga er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Den kan òg bli gitt som heimehjelp og dagopphald. Den hjelpetrengande sjølv kan også søkje. Dersom omsorgsytar skal planlegge ferie eller at ein på annan måte er avhengig av avlastning i ein bestemt periode, bør det søkjast ein månad før perioden tek til.

Kriterie

Personen som får avlastning, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Moment som ein kan ta omsyn til, er mellom anna om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg og om det fører til avbrot i søvn om natta eller sosial isolasjon.

Tenesta er gratis.

Korleis søkje

Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den saman med søknaden.

Søknadsskjema

Tiltaksteamet handsamar søknaden fortløpande, og du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.

Søknaden sender du til:

Høyanger kommune
v/tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger

Her finn du Høyanger sjukeheim

Kontakt

Institusjonsleiar Høyanger sjukeheim
  • Tlf: 57 71 16 02
  • Mob: 992 19 328
  • E-post: