Borgarleg vigsel

No kan du gifte deg på rådhuset. Frå 1. januar 2018 tok kommunane over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigsler i Noreg.

Borgarleg vigsel - Klikk for stort bilete

Vigslarar

Ordførar og varaordførar har etter lova mynde til å vigsle brudepar. I tillegg har kommunestyret i møte 23. november 2017 gitt vigselsmynde til rådmann dersom det føreligg særskilde og tungtvegande grunnar.

Tidspunkt for vigsler

Tilbodet om kommunal vigsel i Høyanger kommune vert gjeve i kommunen si kontortid i kommunestyresalen på rådhuset i Høyanger. Brudepar som ønskjer vigsel på andre tidspunkt eller på anna lokalisering, må betale kommunen sine meirkostnader knytt til gjennomføringa.

Erklæring og attestar

Før vigsla må brudeparet sørge for at eigenerklæringar, forlovererklæringar og attestar er sendt til folkeregisteret som skal stadfeste at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt.

Folkeregisteret vil deretter utstede ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader. Denne på sendast til Høyanger kommune v/politisk sekretariat, postboks 159, 6991 Høyanger eller leverast på rådhuset to veker før vigsla.

Alle spørsmål knytt til prøvinga på rettast til folkeregisteret ved det regionale skattekontoret ditt. Endeleg vigsleattest vert ettersendt av folkeregisteret.

På nettsidene til Skatteetaten finn du skjema og veiledning.

Kontakt

bilde av personen: Petter Sortland
Ordførar
  • Tlf: 57 71 15 52
  • Mob: 911 64 546
  • E-post: