Bustadrådgjevingsgruppe

Høyanger kommune har etablert ei bustadrådgjevingsgruppe. Denne gir råd og rettleiing for deg som ynskjer å bu lengst mogleg i eigen bustad.

Bustadrådgjevingsgruppa gjev tilbod til:

  • eldre og personar med nedsett funksjonsevne

  • personar som ønskjer å tilrettelegge eigen bustad for å kunne bu lengst mogleg i eigen heim

  • personar med økonomiske vanskar som treng råd og rettleiing i høve finansiering

Bustadrådgjevingsgruppa gjev råd i bustadsaker som:

  • vurdering av tomter og tilkomst til bygg og nybygg

  • råd ved tilrettelegging av eksisterande bygg, utviding, tilbygg samt nybygg

  • vudering av bustadtiltak som heisar, ramper og evt hjelpemiddel

  • råd og rettleiing i høve søknader om lån og tilskotsordningar frå Husbanken

  • råd om saksgang i byggesaker

Du kan melde behovet ditt til bustadrådgjevingsgruppa ved å fylle ut meldeskjema. Skjemaet finn du på denne sida eller ved å kontakte Høyanger kommune. 

Sjå brosjyre om Bustadrådgjevingsgruppe her (PDF, 62 kB).

Bustadrådgjevingsgruppe
Bustadrådgjevingsgruppe
Namn Avdeling Stilling Telefon
Mari Gerd Borlaug Fysikalsk avdeling Leiar/ergoterapeut 57 71 16 64 / 992 19 337
Ann Kristin Lillehauge Økonomiavdeling Økonomikonsulent 57 71 15 27
Jostein Nyland Plan- og byggesak Teknisk sjef 57 71 15 31 / 992 19 390
Ann Tove S. Nyheim NAV Høyanger NAV-leiar 57 01 56 28 / 986 97 337

Kontakt

bilde av personen: Maria Gerd Borlaug
Einingsleiar fysikalsk avd. Koordinerande eining
  • Tlf: 57 71 16 64
  • Mob: 992 19 337
  • E-post: