Psykiatrisk sjukepleie

Tenesta gir hjelp til heimebuande med psykisk liding, og til kommunen sine innbyggjarar som er komen i ein vanskeleg livssituasjon. Hjelpa kan vere støttesamtalar, medisinhandtering, råd og rettleiing, både for den sjuke og pårørande.

Hjelp frå Psykiatritenesta vert tildelt etter søknad. Søknaden bør vere på fellesskjema som Høyanger kommune har. Søknaden må innehalde mest mogleg informasjon om kvifor ein søkjer psykiatrisk sjukepleie. Det er fordel med legeerklæring, men dette er ikkje eit krav.

Du kan ringe psykiatritenesta for å få hjelp til å skaffe deg den informasjonen som er naudsynt. Er du usikker på om psykiatrisk sjukepleie er den rette hjelpa for deg, kan du ta kontakt med psykiatrisk sjukepleiar på tlf.nr. nedanfor:

Torunn Styve, tlf.: 992 19 335