Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Startlån frå Husbanken - treng du hjelp til kjøp av bustad?

Har du vanskar med å kome deg inn på bustadmarknaden, eller å kunne bli buande i bustaden din? Då kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg.

 

Gå til søknadsskjema

 

Startlån er ei statleg låneordning, som skal bidra til å skaffe og sikre bustad for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden. Startlån er behovsprøvd.

Høyanger kommune tek i mot og saksbehandlar søknaden. Kor mykje du kan låne, avheng av inntekt og evt. anna gjeld. Bustaden må vere i Høyanger kommune.

Ynskjer du meir informasjon om korleis ein kan søke, besøk oss på Høyanger rådhus økonomiavdelinga, August Gunnarskog gt. 1, 6993 Høyanger.

https://husbanken.no/startlaan/