Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

TT-ordninga (Transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne)

Transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne er eit tilbod til deg som har vanskar med å nytte deg av kollektive transportmiddel. 

Fylkestinget i Vestland fatta den 16.12.2020 vedtak om å innføre ei ny felles forskrift for transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne i Vestland (Tilrettelagt Transport-ordning=TT-ordninga). Den nye forskrifta trer i kraft 1.1.2021.

Frå same dato vert Retningslinjer for tilrettelagt transport i Sogn og Fjordane av 1. januar 2018, og forskrift om Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland av 1. juli 2018, oppheva.

Ei av endringane i forskrifta er at det er administrasjonen i fylkeskommunen som skal handsame alle søknadar frå heile fylket.

TT-telefonen er 55 23 93 63 
Telefontid er 09.00-11.00


Vestland fylkeskommune si side om TT-ordninga

Har du sendt søknad før 01.01.2021 som ikkje er handsama, treng du ikkje søke på nytt, søknaden vil bli oversendt fylkeskommunen for handsaming.