OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Integrering

Integreringstenesta har ansvaret for busetting av flyktning og tilby introduksjonsprogram. Tenesta har tverrfagleg samarbeid med andre tenester som t.d.: NAV, vaksenopplæring, helsetenster, drift og vedlikehald m.fl. 

Busetting

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om bustad i ein kommune. På bakgrunn av oppmoding frå IMDi, fattar kommunane politisk eller administrativt vedtak om kommunen vil busetje, og om kor mange personar kommunen ynskjer å busette. IMDi inngår avtale om busetting av einskildpersonar med kommunane som har vedtatt å busette flyktningar. Ved busetting tilbyr kommunen som regel bustad, i tillegg til lovpålagte kommunale tenester etter sektorregelverket.

Dei som vert busett er personar som er innvilga opphald etter søknad om beskyttelse i Noreg, og overføringsflyktningar som får opphald i Noreg etter avtale med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

 

Introduksjonsprogram

Ingrid Sviggum Håre
Leiar
integreringstenesta
E-post
Elias Zimmermann Espeseth
Koordinator
Integreringstenesta
E-post
Telefon +47 57 71 15 29
Til toppen