OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

SFO

Korleis søkjer eg plass i SFO?

Du søkjer elektronisk om plass i skulefritidsordninga SFO, i Visma Flyt Skole.

Visma Flyt Skole

Om du treng hjelp til å søke, eller tilgang til datamaskin, ta kontakt med skulen. 

Skulefritidstilbod blir gitt til barn i 1. - 4. klasse, i særlege høve til barn i 5.- 7. klasse.

Når er søknadsfrist?

Søknadsfrist til hovudopptaket er 15. mars kvart år.
Søknader elles i året blir handsama kontinuerleg.

Opptak

Tildeling av plass blir handsama av rektor/dagleg leiar.
Tildelingsbrev blir sendt elektronisk til Altinn eller digital postkasse. Dersom de ikkje opna vedtaket innan tre dagar, vil det bli sendt som brev med vanleg postgang. 

Korleis endrar eg plass?

Du må logge på i Visma Flyt Skole og endre plassen til barnet ditt der.

Stadfesting på endring av plass blir sendt elektronisk.

Endre plass her

Endring av plasstilbod gjeld frå den 1. eller 15. i neste månad. 

Korleis seier eg opp plassen?

Oppseiingstida er ein månad frå plassen blir sagt opp, frå den 1. eller den 15. i månaden.
Det er eigne reglar for oppseiing etter 1. mai, du finn meir informasjon om dette i informasjonsbrosjyra.

Stadfesting på oppseiing blir sendt elektronisk.

Oppseiing må gjerast elektronisk i Visma Flyt Skole.

Sei opp plass her

Ferietilbod

SFO heldt stengt (sommarstenging) 4 veker i juli (heile veker).
Vi  kan tilby ekstra ferietilbod frå siste skuledag og til sommarstenging.
Dersom det er behov kan slikt tilbod også organiserast etter sommarstenging til skulestart i august.
Vi kan også tilby ferietilbod i haust- og vinterferie.

Dersom du har behov for å nytte ferietilbodet melder du behov direkte til skulen.  
 

Søknadsfrist sommartilbod: 15. mai
Søknadsfrist haust/vinterferie: 1. september/15. januar

Føresetnad for ferietilbodet:
- Høyanger skule: brukartal må vere minimum 5
- Dei andre skulane: Lokale tilpasningar saman med barnehagane

Betaling for ferietilbod kjem i tillegg til den vanlege månadsprisen.

Foreldrebetaling

Foreldrebetaling SFO 2022/2023

Foreldrebetaling SFO 2022/2023
Tilbod Pris
Heil plass Kr. 2395
14 timar per veke Kr. 1530
8 timar per veke Kr. 865
Heil plass for 1. klasse Kr. 1248
14 timar per veke for 1. klasse Kr. 216
8 timar per veke for 1. klasse Kr. 0
Dagplass/ferietilbod Kr. 125

 

Moderasjonsordningar
Inntektsgrenser

Kostnad på barnehage-/SFO-plass skal ikkje utgjere meir enn 6 prosent av hushaldninga si inntekt. 

Alle 2-, 3-, 4- og 5- åringar har rett til 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke dersom dei bur i eit hushald med samla brutto årsinntekt mindre enn kr. 598 825. Satsen gjeld for barnehageåret 2022/2023.  

Korleis søkjer du om redusert foreldrebetaling?

Du søkjer digitalt i Visma Flyt Barnehage for barnehageplass og i Visma Flyt Skole for SFO-plass. Innlogging med id-porten. Hugs å legge ved riktig dokumentasjon. 

Legg ved dokumentasjon

Du må du legge ved dokumentasjon på hushaldet sine samla inntekter. Dokumentasjonskrav er skattemelding frå siste år. Dersom skattemeldinga ikkje stemmer med dagens inntekt, må du dokumentere dette.

Inntektsgrunnlaget skal spegle dei skattepliktige inntektene. Du må dokumentere skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står på den førehandsutfylte skattemeldinga.

Dersom inntekta di er vesentlig endra sidan siste års skattemelding, må du i tillegg til skattemeldinga legge ved dokumentasjon på ny inntekt.

  • dei tre siste lønnsslippane fra arbeidsgjevar. Dei må vise endring i årslønn i forhold til skattemeldinga.
  • vedtak frå NAV
  • studentbevis eller stadfesting på studiar

Registrerer du søknad utan tilstrekkelig dokumentasjon, blir den ikkje behandla. Du vil da få informasjon om dette. Du må registrere ny søknad og legge ved gyldig dokumentasjon.

Skattepliktige ytingar som arbeidsavklaringspengar, dagpengar, eller uføretrygd er eksempel på inntekter som reknast med i grunnlaget. Det er bruttosats som må dokumenterast.

Til dømes er barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån  er skattefrie ytingar/overføringar som ikkje blir rekna med i inntektsgrunnlaget.

Søknadsprosess

Du kan søke om redusert foreldrebetaling når barnet ditt er tildelt ein plass i barnehage og/eller SFO, og du har takka ja til plassen. 

Foreldre som søkjer, må bo på same adresse i folkeregisteret som barnet. Det er kommunen, som barnet er folkeregistret i, som behandlar søknaden din.

Du søkjer om prisreduksjon i Visma Flyt Barnehage og/eller i Visma Flyt Skole. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjelder kun det aktuelle barnehage-/skuleåret. Er du kvalifisert for redusert foreldrebetaling, må du søkje kvart barnehage-/skuleår med ny dokumentasjon for inntekt. Eit nytt år for barnehage og skule startar 1. august.

Du kan søkje undervegs i året dersom det er vesentleg og varig endring i inntekta. Vesentleg og varig endring inneber stort inntektstap som følgje av å bli arbeidssøkjar, endring i hushaldet si samansetning eller liknande årsaker.

Har du fleire barn som begynner i barnehage/SFO i perioden vedtaket gjelder for, må du søkje også for dette barnet/desse barna.

Søknaden er gyldig frå måneden etter Høyanger kommune har motteke søknaden din med gyldig dokumentasjon. Dersom du får barnehage-/SFO-plass midt i eit barnehage-/skuleår, kan du søkje redusert betaling. 

For deg som har barn som allerede går i barnehage/SFO: 
Hugs at du må sende inn ein ny søknad om redusert foreldrebetaling for kvart barnehage-/skuleår. 

Dokumentasjon

For å kunne behandle søknaden må du legge ved nødvendig dokumentasjon på hushaldet si samla inntekt, minimum siste års skattemelding.  For meir informasjon se avsnittet “Legg ved dokumentasjon”. 

Saksbehandling

Saksbehandlingstida er tre veker I periodar med stor pågang kan du pårekne lenger saksbehandlingstid, men vedtaket er likevel gjeldande etter vanleg regelverk.

Kommunen gjer eit enkeltvedtak når vi innvilger eller avslår ein søknad om redusert foreldrebetaling. Eit enkeltvedtak følgjer reglane i forvaltningsloven og sett fast søkjaren sine rettar og plikter.

Rett til å klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket.  I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra.

Klagen sender du til:
Høyanger kommune v/oppvekst

Postboks 159

6991 Høyanger

Får du ikke medhald i klagen, sender vi den videre til kommunen sitt klageorgan. Kommunen sitt klageorgan er formannskapet. 

Dei ulike ordningane for redusert foreldrebetaling og søskenmoderasjon

Inntektsmoderasjon

Foreldrebetalinga skal maksimalt utgjøre 6 prosent av hushaldet si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt per barn. 

Med hushald meiner vi ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Bur barnet fast hos begge foreldra, skal betalinga frå foreldra vere rekna ut fra inntekta til den forelderen som har same folkeregisteradresse som barnet.

Gratis kjernetid barnehage

Kommunen gir fritak for 20 timar vekentleg frå august i det året barnet fyller 2 år og til 3-, 4- og 5-åringer i familier med en inntekt på inntil inntektsgrensa.

Gratis 12 timar kjernetid for alle førsteklassingar

Alle barn i 1. trinn på SFO har rett til 12 timar gratis kjernetid. Sjå pristabell for våre tilbod. 

Søskenmoderasjon

De får søskenmoderasjon på tvers av barnehage og SFO. Har du barn i både barnehage får du følgjande moderasjon:

Dersom søsken går i barnehage og/eller i SFO, skal det betalast fullt for den plassen som er dyrast.

 

  1. Moderasjon gjeld for plass i barnehage og/eller plass i skulefritidsordninga (SFO):

  2. Plass i barnehage:
    barn nr 2 - 30% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 3 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 4 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga

  3. Plass i SFO:
    barn nr 2 - 25% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 3 - 40% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 4 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga

Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon ved bruk av dagplass.

Du treng ikkje søkje om søskenmoderasjon. Den blir rekna automatisk. Søsken må bu i same hushald. Ordninga er ikkje basert på inntekt.

Utrekning av moderasjon

Det er lovfesta i kva rekkefølge dei ulike moderasjonane skal reknast ut. Først blir det rekna ut inntektsmoderasjon. Deretter vert det rekna ut søskenmoderasjon (grunnlag=makspris minus inntektsmoderasjon). Til slutt vert det utrekna gratis kjernetid (grunnlag= makspris minus inntektsmoderasjon minus søskenmoderasjon).

Kontakt

Treng du hjelp til å søkje? 

Du kan kontakte oppvekstadministrasjon på telefonnummer: 57 71 15 64 eller 46 88 28 10, eller sentralbord/tenestetorget på telefonnummer: 57 71 15 00.

Brukarrettleiing for Visma Flyt Barnehage

Brukarrettleiing for Visma Flyt Skole

 

Ingrid Sviggum Håre
konsulent
Oppvekst
E-post
Telefon 57 71 15 64
Mobil 468 82 810
Til toppen