Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 01.04.2020: Det er godt nytt at det ikkje er nye smittetilfelle og det er heller ikkje påvist smitte mellom smitta helsepersonell og pasientar. Takk til Lederne avd 49 Høyanger som har kjøpt inn fire IPAD til bruk i helse og omsorg.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Bossdunkar

Om du skal ha ny bossdunk tar du kontakt med SIMAS. Kommunen sine tilsette plassera ut dunkane til din bustad eller din verksemd etter kontakt frå SIMAS.

Utlevering av bossdunkar

Skal du flytte inn i ny bustad og treng bossdunkar, kan du ta kontakt med Simas for bestilling av nye dunkar. Du må ha fått ferdigattest på bustaden din før du bestiller bossdunkar.
 

Bytte bossdunkar

Har du for liten bossdunk og ynskjer å bytte til ein større, kan du ta kontakt med Simas
Nye bossdunkar blir køyrt ut kvar måndag, og det einaste du treng å gjere er å reingjere bossdunken din og sette den synleg ved huset ditt.