Koronavirus - Covid 19

Status pr 03.12.2020: 5 påvist smitta, alle frå same husstand og dei sit i isolasjon. 45 personar er i karantene fram til og med fredag 4. desember. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Returpunkt

Nedanfor finn du oversikt over returpunkt for avfall i Høyanger kommune.

Miljø- og Avfallsstasjon i Vadheim

Opningstid: torsdag kl. 12.00 - 18.00
 
Avfallsfraksonar som kan leverast i mindre mengder: EE-avfall, kuldemøblar, glass/metall, skrap, treavfall/hageavfall, reine klede/gjenbruksting, grovavfall, isolærglasss, spesialavfall, restavfall, vanlege lyspære, husholdningsbatter, papp/papir og isopor.
 
Telefon SIMAS: 57 65 70 70 eller sjå meir på SIMAS sine nettsider.
 

Østerbø Maskin, Bjordal 

Opningstid: måndag - fredag kl. 08.00 - 16.00
 
Avfallsfraksjonar som kan leverast: EE-avfall, kuldemøbel og farleg avfall.
 
Telefon: 57 71 38 00
 

Containerar for innsamling av glas og metall

Containerar er utplassert i Høyanger (bak apoteket), utestasjonen på Dale, Kyrkjebø, ved butikken Vadheim sentrum, Norevik, ved tidlegare skule Lavik, på kaia i Ikjefjord, ved grendahuset Bjordal og ved butikken Ortnevik kai.
 

Containerar for innsamling av klede

Container er utplassert: Høyanger, ved utestasjonen på Dale Kyrkjebø og ved butikken Vadheim sentrum.
 

Containerar for hytterenovasjon

Oversikt:

  • Høyanger - ved utestasjonen
  • Kyrkjebø - ved Noreide kai
  • Kyrkjebø - ved Joker-butikken
  • Vadheim - ved busstopp Frivika/Klævold
  • Vadheim - ved miljøstasjonen
  • Vadheim - ved gamle skulen i Norevik
  • Lavik - ved busstopp Teigen/Avsnes
  • Lavik - ved rasteplass Tørven
  • Lavik - ved krysset til Øv. Værholm
  • Lavik - ved Lavik Vassverk
  • Lavik - ved Øvredalen/Hyllestad
  • Høyanger Sør - ved butikken i Bjordal
  • Høyanger Sør - ved kaia i Ortnevik
  • Høyanger Sør - på Furuneset i Ikjefjorden
  • Høyanger Sør - ved grendahuset i Ikjefjorden
  • Høyanger Sør - ved butikken i Søreide
  • Høyanger Sør - ved hyttefelt på Hes