Feiing og tilsyn

Lovpålagt feiing og tilsyn gjeld kun heilårsbustader. Fritidsbustader må sjølv kontakte feiaren om dei ønskjer feiing.

Feiaren kjem – er melding frå feiaren nokre dagar i forkant av feiing eller tilsyn. Dersom tispunktet ikkje høvar kan de ringe feiaren og avtale anna tidspunkt. Telefon kontor: 57 71 28 14 (kl. 07:30 - 08:00). Mobiltelefon: 99 21 93 94.

Feiing
Hyppigheita av feiing skal fastleggjast ut frå behov, men minimum kvart fjerde år. Behovet vert fastsett ut frå type oppvarmingssystem, sotmengde m.m. Huseigar må sjølv fjerne sot. Alle tak med hellning utover skal ha takstige/taktrinn, og den skal vere montert i samsvar med krav i monteringsrettleiing.

Tilsyn med fyringsanlegg
Tilsyn og kontroll av piper og eldstader skal gjennomførast kvart fjerde år. Ved tilsyn vert heile fyringsanlegget (eldstad, skorstein, brannmur m.m) inspisert. Slokkemidlar, røykvarslare, rømmingsvegar er og ein del av inspeksjonen.

Gebyr for feiing
 

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 10.11.2015 av Synne Vefring

Kontakt

Arbeidsformann

 

Eksterne lenker
 
 
Login for redigering