Fyrverkeri - oppskyting, oppbevaring og sal

Det er berre lov å skyte opp fyrverkeri på nyttårsafta i tidsrommet frå kl 18:00 - 02:00.

Dersom du ønskjer å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsafta, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller skuleball, må du søke politiet om løyve til dette.

Skal du selgje fyrverkeri, må du søke om salsløyve før 1. mai i salsåret.

Oppskyting

Avgjerda om å gi løyve er eit vedtak som du kan klage på og skal difor gjevast skriftleg i brev eller epost. 

 

Politiet stiller som regel vilkår til løyve:

  • Starttidspunktet bør seinast vere kl. 22:45. Det skal vere normal nattero kl. 23:00.
  • Arrangøren skal så langt det let seg gjere kunngjere oppskytinga i nærmiljøet, media (aviser eller radio), slik at ålmenta (dyreeigarar)  kan ta sine førehandsreglar.

 

Du må ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri:

  • Vær- og vindtilhøve
  • Generell brannfare
  • Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar
  • Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr
  • Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.
  • Dersom ikkje fyrverkeriet går av skal du ikkje prøve å tenne det på nytt, men la det stå i minst 20 minutter og så sette det vekk. Blindgjenarar skal leverast tilbake til utsalsstaden.

 

Japanske og kinesiske lykter

Bruk av japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har ope eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit tovtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med aktsemd og brannfaren er stor.

 

Oppbevaring

Fyrverkeri skal oppbevarast tørt og i romtemperatur. Overskot etter nyttårsafta kan ikkje leverast tilbake til utsalsstad dersom det er heilt og kan brukast. Pass då på god lagring til neste sesong.

 

Sal

Alle utsal skal vere godkjent av brannvesenet i god tid før salstidspunktet. Søknaden skal leverast skriftleg innan 1. mai i salsåret.

 

Utsalsstaden skal vere knytt til ein fast butikk, og skal stette krav til lokale for oppbevaring og utsal. Dei ansvarlege skal ha gjennomført kunnskapsprøve frå Norsk Brannvernforening og ha bevis frå dette.

 

Salsperioden er sett til dei to siste ordinære handelsdagane før nyttårsafta.

Publisert av Sasa Sehic. Sist endra 10.11.2015 av Synne Vefring

Kontakt

bilde av personen: Olav Nordgulen
Leiar drift og vedlikehald

 

 
 
Login for redigering