Koronavirus - Covid 19

Status pr 03.12.2020: 5 påvist smitta, alle frå same husstand og dei sit i isolasjon. 45 personar er i karantene fram til og med fredag 4. desember. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Korleis finne arealplanar?

Gå inn på www.kommunekart.com

Klikk inne i kartet, og finn det aktuelle området ved å scrolle eller bruke  Zoom + - i meny nederst på sida. Du kan flytte på kartet ved å holde inne venstre musetast og dra kartet. Du kan også søkje opp Høyanger kommune.

Ver obs på at du må zoome deg inn til aktuelt område for å få fram detaljert plankart.

Arealplanane får du fram ved å huke av på anten kommuneplan og/eller reguleringsplan i nedtrekksmenyen til venstre. Klikk på det aktuelle området og du vil få opp informasjon om plan under kartlagsinfo til høgre på skjermen.

Om dei digitaliserte plankarta


Dei digitaliserte plankarta kan vere forenkla og standardisert i høve til dei vedtekne plankarta som du finn i Webplan. I enkelte tilfelle kan det vere naudsynt å samanlikne det digitale plankartet med det opprinneleg vedtekne plankartet for avklaring av det juridiske innhaldet i plankartet.

Kontakt

bilde av personen: Synne  Vefring
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
  • Tlf: 57711547
  • Mob: 99219397
  • E-post: