Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Bod, utehus, leikehytte

Skal du bygge, rive eller endre bod, uthus, leikehytte eller liknande?

Kva du kan gjere sjølv kjem an på kva som gjeld for din eigedom. Det vil vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan bygge. Pass på at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart eller reguleringsføresegne via kartsidene til Høyanger kommune, eller ved å kontakte kommunen.

Du treng ikkje søke:

Om du svarar ja på følgjande punkt, så treng du ikkje sende inn søknad til kommunen.

  • Tomta er bygd på frå før og nytt tiltak gjeld ein enkel frittståande bygning.
  • Bygningen skal ikkje brukast til bustadføremål
  • Det er over 4,0 meter til nabogrense og over 1,0 meter til annan bygning. Bygget skal likevel ikkje vere til urimeleg ulempe for nabo.
  • Bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA) er under 15 m2
  • Maks gesimshøgde er under 2,5 meter og maks mønehøgde er under 3,0 meter.
  • Tomta er regulert til bustad- eller hytteformål, eller er frådelt til dette formålet. Tomta ligg ikkje i stølsområde.
  • Overstig ikkje grad av utnytting for tomta. I reguleringsplanane er det fastsett maksimal tomteutnytting, det vil seie samla bruksareal i høve tomtearealet.
  • Er i samsvar med gjeldande planar for området.

Sjølv om du ikkje treng å søke kommunen, så er du likevel ansvarleg for at bygningen vert utforma i tråd med alt regelverk.

I tillegg bør du informere naboar så godt du kan før oppstart.

 

Du kan søke på eiga hand:

Svarar du nei på eit av punkta ovafor, men tiltaket er ein frittståande bygning medsamla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) under 70 kvadratmeter, eller det er eit tilbygg til eksisterande bygning med samla BRA eller BYA under 50 kvadratmeter så kan du søke og stå ansvarleg sjølv. Bygningen kan i tillegg ha kjellar. 

 

Du må søke med hjelp frå fagfolk:

Har bygningen eit samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) over 70 kvadratmeter, eller det er eit tilbygg til eksisterande bygning med samla BRA eller BYA over 50 kvadratmeter, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert foretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

 

Meir informasjon om fritak for søknad og byggjeløyve

Sjå forskrift om byggesak til plan- og bygningslova