Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Bruksendring

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Då må du søke om bruksendring.

Bruksendring er å ta eit areal eller bygning på eigedomen din i bruk til noko anna enn kva det den er godkjent til.

Det vert i byggteknisk forskrift (TEK17) sett fleire krav til rom for varig opphold bl.a. rømningsveg, lys og utsyn, romstorleik og romhøyde, ventilasjon, isolering, radonsikring m.m. Du finn meir detaljert omtale i veiledningen (VTEK17), men blant anna gjeld følgande:

  • Avstand golv til vindauge maksimum 1 meter (rømming og utsyn)
  • Vindauge minimum 0,6 x 0,5 meter (netto opning, breidde x høgde), men summen av breidde og høgde skal minimum vere 1,5 meter (rømming)
  • Vindauge. Vanlegvis vil eit vindauge med areal 10 % av golvareal gi tilfredstillande dagslys. 
  • Romhøgde bør vere minimum 2,2 meter og golvareal bør vere minimum 7 m2.

 

Du kan søke på eiga hand dersom:

  • Den delen du skal endre ligg innafor din eigen bustad/bueining eller innafor same branncelle.
  • Du vil bruke bod eller vaskerom som stove, soverom eller liknande. Då endra du rombruken frå tilleggsdel til hovuddel.
  • Den delen du skal endre ligg innafor din eigen bustad/bueining eller innafor same branncelle.

 

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleilegheit for til dømes utleige.
  • Du skal bruke huset eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag. Det gjeld til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
  • Du skal endre på bæreveggar eller bærande golv.

 

Utleige:

Utleige er ikkje regulert av plan- og bygningslova (PBL), men arealet som vert leigd ut må vere godkjent som buareal.