Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Mindre endringar innandørs

Ein del innvendig rehabilitering treng du ikkje søke om. Dette gjeld kun for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar i eksisterande byggverk innafor same branncelle.

Du treng ikkje søke om å:

  • Sette opp, flytte eller rive ein ikkje-bærande vegg innafor éi branncelle.
  • Reparere eller endre installasjonar dersom du brukar like komponentar som var der frå før.
  • Skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom.
  • Installere ny kjøkkenventilator som ikkje koplast til ventilasjonsanlegget.
  • Installere kjølerom.
  • Installere ny vask i eksisterande bustad som allereie har sanitæropplegg.