Våtrom - Bad og kjøkken

Skal du bygge, rive eller endre bad og/eller kjøkken?

 Du treng ikkje søke dersom: 

 
  • Du skal bygge, rive, endre eller reparere bad, vaskerom, kjøkken, eller enkle installasjonar i eksisterande byggverk innafor samme bueining eller branncelle.
  • Du skal bygge eller rive bad eller kjøkken i nytt tilbygg der samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) ikkje er over 50 kvadratmeter og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig bueining.
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike bueiningar (t.d. i blokker) så lenge arbeidet ikkje kjem i konflikt med brannskille mellom bueiningane.
  • Hugs at rommet må vere godkjent for varig opphald. Om det ikkje er det, må du søke om å endre bruken av rommet.
 

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

 
  • Arbeidet bryt skille mot annan bueining (brannskille, lydskille)
  • Endringar i bærande vegg eller konstruksjon.
  • Bygging av våtrom i nybygg følgjer søknadsplikt for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarleg foretak for nybygget
  • Du skal bygge eller rive våtrom i nytt tilbygg over 50 m2. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld sjølvbyggarbestemmelsane.
 
Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp firma med sentral godkjenning.
 

Kontakt

bilde av personen: Jostein Nyland
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
  • Tlf: 57 71 15 31
  • Mob: 99 21 93 90
  • E-post: