Veg, vatn og avlaup

Høyanger har fleire vassverk som leverer reinsa vatn til forbrukarar. Drikkevatnet skal vere hygienisk tryggande, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan føre til fare for helseskade. Det vert teke jamlege prøvar av vatnet.

Planlagde driftsavbrot vert normalt varsla forbrukarar dagen før. Ved spyling/reinsing av leidningsnettet vert dette normalt kunngjort i lokal avis.

I område utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv. etablere eigen ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at det ligg føre tilfredsstillande tilgang til hygienisk tryggande og tilstrekkeleg drikkevatn.

 

Feil på kommunaltekniske anlegg

Feil på kommunaltekniske anlegg skal meldast til kommunalteknisk drift, telefon 57 71 15 30. Utafor arbeidstid kan alvorlege feil meldast til vakttelefon 99 21 94 00.

 

Utsleppsløyve

Bygningar som skal ha innlagt vatn og ikkje kan kople seg på offentleg avløpsnett må søkje om utsleppsløyve.

 

Graveløyve

Før ein startar gravearbeid må ein undersøkje om tiltaket kjem i konflikt med kablar eller røyr. Dette gjelder straum, telefon, kabel-tv, vatn, avløp o.l. Ved graving i fylkes- og riksveg må det liggje føre løyve frå Statens vegvesen.

 

Gebyr vassforsyning og avløp

Informasjon om kommunale gebyr for vassforsyning og avløp finn du i menyen over. 

Publisert av Sasa Sehic. Sist endra 15.01.2016 av Sasa Sehic

Kontakt

bilde av personen: Olav Nordgulen
Leiar drift og vedlikehald

 

 
 
Login for redigering