Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 01.04.2020: Det er godt nytt at det ikkje er nye smittetilfelle og det er heller ikkje påvist smitte mellom smitta helsepersonell og pasientar. Takk til Lederne avd 49 Høyanger som har kjøpt inn fire IPAD til bruk i helse og omsorg.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Høyanger kommune har innført standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (Kommunestyret 30.09.14). Vilkåra erstattar tidlegare «Normalreglement for sanitæranlegg» og vert oppdatert av Kommuneforlaget. For Høyanger kommune er vilkåra gjeldande frå 1. oktober 2014.

Standard abonnementsvilkår

Standard abonnementsvilkår er ikkje ei forskrift, men ein avtale mellom to partar, kommunen og abonnenten. Det er sett krav til både kommunale og private anlegg slik at anlegga vert utført på ein betryggjande måte med tanke på tryggleik, funksjonalitet og kvalitet. Dette gjeld særleg ved tilknyting til nye, private anlegg og sanitæranlegg. Vilkåra vert handheva av kommunen som eigar av kommunalt leidningsnett. Alle entreprenørar og røyrleggjarar med oppdrag i Høyanger kommune pliktar å gjere seg kjent med og følgje abonnementsvilkåra.

 

Bestemmelsane består av følgjande:


1. Tekniske bestemmelsar – som fastlegg krav til teknisk utføring
2. Administrative bestemmelsar – som tar for seg juridiske og forvaltningsmessige forhold

Dei tekniske bestemmelsane kan bestillast direkte frå Kommuneforlaget, mens dei Administrative bestemmelsane kan lastast ned her.

Ved nye anlegg krev Høyanger kommune, i tillegg til naudsynte søknadar etter Plan- og bygningsloven, søknad om tilknyting til offentleg vatn- og avløpsanlegg (søknad om sanitærabonnement) og søknad om graveløyve.

 

Standard abonnementsvilkår - Administrative bestemmelsar (PDF, 134 kB)

 

Høyanger kommune har 6 godkjenningspliktige vassverk. Desse er Høyanger vassverk, Kyrkjebø vassverk, Vadheim vassverk, Lavik vassverk, Søreide vassverk og Bjordal/Førsund vassverk. Til saman forsyner dei ca. 90% av innbyggjarane i kommunen med vatn. 

Kontakt

bilde av personen: Olav Nordgulen
Leiar drift og vedlikehald
  • Tlf: 57 71 15 34
  • Mob: 992 06 416
  • E-post: