Brøyting på kommunale vegar

Kommunen har ansvar for det kommunale vegnettet med tilhøyrande gang- og sykkelvegar. Vegane skal vere opne for trafikk til ei kvar tid, men standarden kan variere i døgnet, då kommunen ikkje har nattbrøyting.

Meldingar på dagtid går til Høyanger kommune på telefon 57 71 15 00 og på kveldstid til teknisk vakt på mobil 992 19 400.

Brøyting

Brøyting på kommunale vegar startar når det er ca. 10 cm snø i vegbana. Sandstrøing vert utført etter behov. Kommunen er delt i mange brøyteroder, der kommunen leiger nokon private, og resten i eigen regi. Det er Høyanger kommune som er kontaktansvarleg for alle roder, dette gjeld sørsida og nordsida, samt alle «dalfører».

 

Snø i innkøyrsle

Snø som naturleg dett av brøyteutstyret når maskinene passerar ein eigedom vert ikkje rydda bort av kommunen, dette må eigar av eigedom rydde sjølv. Dette er vurdert av Vegdirektoratet (brev frå 1989) og Samferdsledepartementet (brev frå 1969).

Publisert av Sasa Sehic. Sist endra 10.11.2015 av Synne Vefring

Kontakt

bilde av personen: Olav Nordgulen
Leiar drift og vedlikehald

 

 
 
Login for redigering