Koronavirus - Covid 19

Status pr 03.12.2020: 5 påvist smitta, alle frå same husstand og dei sit i isolasjon. 45 personar er i karantene fram til og med fredag 4. desember. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Tilkopling vatn/avløp/overvatn

Ved tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg skal det søkjast til kommunen om dette. Det må søkjast både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal tilkoplast det offentlege vatn- og avløpsanlegget.

Tilkopling til vatn og kloakk

Søknad om tilkopling til offentleg nett skal sendast inn av utbyggar eller føretaket som skal utføre arbeidet. Søknaden skal innehalde situasjonskart som viser plassering av bygningar som skal tilkoplast på eigedomen.

Installasjon av vassmålar

Ved installering av vassmålar, skal det søkjast om dette på same skjema. Det er krav til installasjon av vassmåler på alle eigedommar som har andre utbyggingsformål enn bustad, for bensin- og servicestasjonar som har vaskehall og for eigedommar kor det er basseng eller tilsvarande med volum på meir enn 3 m3. Ved bygging av bygg med fleire formål må kommunen kontaktast for vurdering om krav til vassmålar vert gjeldande.
 
VA- gebyr regulera kostnadane ved tilkopling, samt at abonnemenstvilkåra fastsettje føringane for avtalen.

Kontakt

bilde av personen: Olav Nordgulen
Leiar drift og vedlikehald
  • Tlf: 57 71 15 34
  • Mob: 992 06 416
  • E-post: