Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kommunalteknisk VA-norm for Høyanger kommune

Høyanger kommunestyre vedtok 30. september 2014 «Kommunalteknisk VA-norm for Høyanger kommune», sak 51/14.

VA-norma er utarbeida i samarbeid mellom Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster kommune.

Norma inneheld førehandsgodkjende løysingar på korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast. Dette gjeld og private anlegg som vert overtatt av kommunen. Norma er basert på mal frå Norsk Vann. Siv.Ing. Tobias Dahle har vore koordinator/sekretær for arbeidet med norma.

Kommunalteknisk norm må følgjast av både konsulentar, entreprenørar og leverandørar. Eventuelle andre løysingar skal vere godkjent av VA-ansvarleg i Høyanger kommune.