Avlastning for born under 18 år eller vaksne funksjonshemma

Høyanger kommune har avlastningshusvære i Storgata i Høyanger der det vert gjeve avlastning i form av dagtilbod eller avlastningopphald.

Målgruppe

  • Den som yter omsorg for born/ungdom med funksjonshemming.
  • Dei som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Tenesta rettar seg mot omsorgsgjevar til born under 18 år, men kan også nyttast til omsorgspersonar til vaksne funksjonshemma.

Vilkår for avlastning

Søkjar skal ha eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Moment som vert vurdert er:

  • om ein arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet innebær nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen

Sakshandsaming

Avlastning vert tildelt etter søknad og sakshandsaming. Sakshandsaminga vert gjort av høgskuleutdanna personale i helse og omsorg. Det kan vere ved møte i tenesteområde helse og omsorg eller ved heimebesøk. Kkommunen, i samarbeid med søkjar, bestemmer aktuelt tenestetilbod. Relevante opplysningar frå NAV/spesialisthelseteneste/lege/andre faginstansar må vedleggast søknaden eller kan bli bede vedlagt.

Informasjon vedkommande avlastning

Avlastning vert ikkje gjeve på helgedagar (raude dagar i kalenderen). Ved endringar på innvilga avlastning, må det sendast søknad seinast ein månad før ønskje om endring. For sommarferieavlastning må det søkjast skriftleg før 1. april.

Transport og økonomi

Kommunen syter for transport til og frå avlastning. Avlastning er gratis.

Sjudom

Dersom bornet/ungdommen blir sjuk, vert forelde/føresette kontakta, og bornet/ungdommen skal hentast heim. Dersom bornet vert sjukt på skule eller i barnehage og er i avlastning eller skal til avlastning etterpå, må foreldre eller føresette kontaktast av skulen. Bornet skal ved slike høve ikkje i avlastning. Ved sjukdom på avlastningstidspunktet, må bornet/ungdommen bli heime, og ein avtaler nytt tidspunkt for avlastning. Ved innlegging i sjukehus eller ved planlagt lege-/tannlegebesøk skal foreldre/føresette følgje bornet/undommen.

Hjelpemiddel

Eventuelle hjelpemiddel, transportutstyr som for eksempel sykkel, bil etc. må følgje bornet/ungdommen også i avlastningsbustaden. Medisinsk utstyr, inkontinesutstyr, medisinar, kremar, såper, sjampo med meir og diettmat skal medbringast til avlastningsbustad.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 20.10.2015 av Anita Taftø

Kontakt

Einingsleiar open omsorg Høyanger

 

 
 
Login for redigering