Omsorgsløn

Ordninga med omsorgsløn skal bidra til best mogleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og å gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet.

Kven kan søkje?

  • Person som bur eller oppheld seg i Høyanger kommune.
  • Person som har omfattande eller tyngande omsorgsarbeid av varig karakter. 
  • Foreldre med born under 18 år der omsorgsarbeidet går ut over normal omsorgsplikt.
  • Den som søkjer om omsorgsløn, har søkt hjelpestønad.
  • Den omsorgstrengande er heilt avhengig av hjelp for å klare dagleglivets gjeremål.

Omsorgsløn kan kombinerast med andre kommunale tenester. Det er ingen som har rettskrav på omsorgsløn, og det må heile tida vurderast i samanheng med det totale omsorgsbehovet i kommunen. Andre tenestetilbod som kommunen yt, må òg vurderast.

Korleis søkje om omsorgsløn?

Søk omsorgsløn

Fyll ut søknadsskjema og send dette til:

Høyanger kommune, Tiltaksteam, postboks 159, 6991 Høyanger.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 20.10.2015 av Anita Taftø
 
 
Login for redigering