Barnevern
Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding (PDF, 44 kB), evnt. søknad, til barneverntensta.
Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring (PDF, 44 kB) til barnevernet.
Ansvaret for barnevernet ligg til barnverntenesta i Høyanger kommune.
Barnevernvakt utanom kontortid
Høyanger kommune er med i vaktordning gjennom Sogn barnevernvakt utanom kontortid. Telefon 400 22 988.
Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Høyanger kommune har samarbeid og avtale med stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane til kvinner, barn og menn som opplever fysisk og psykisk vald eller truslar om vald.
- Døgnvakt Krisesenteret: 57 74 36 00
Alarmtelefonen for barn og unge - 116111
Alarmtelefonen for barn og unge, telefon 116111 (gratis) er ein naudtelefon for barn og unge. Der møter du vaksne som forstår korleis du har det og som bryr seg. Naudtelefonen er open når barnevernkontora er stengde. I vekedagar er naudtelefonen open frå kl. 15:00 til kl. 08:00 neste morgon. I helgene er telefonen open heile døgnet.
Familievern
Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebygging og oppfodrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste.
Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor.
Familiekontora for Sunnfjord og Sogn held til i Storehagen 1 B i Førde og Parkvegen 5 i Sogndal. Kontora dekker kommunane Askvoll, Aurland, Balestrand, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal.