Høyanger DagsenterDagtilbod gjeld for heimebuande eldre. Her får du høve til å delta i eit fellesskap, og fylle behovet for sosialisering og aktivitet. Kven kan få tilbodet? Dagsenter er eit tilbod til eldre og menneske med ulike helseplagar og som har vanskar med å delta i samfunnet. Her får tilbod du om middag, ettermiddagskaffi, trim og andre aktivitetar og sosialt samvær. Vårt mål er å gi tilbod om aktivitetar bryte einsemd og etablere kontakt gi avlasting til pårørande lage eit miljø der tryggleik og glede står i fokus skape kontakt mellom dei som bur heime og dei som bur på institusjonen Les om tilbodet ved Høyanger Dagsenter i brosjyren om senteret: BROSJYRE DAGSENTERET (PDF, 267 kB) Opningstider Høyanger Dagsenter har ope 4 dagar pr. veke (måndag, tysdag, torsdag og fredag). Kva kostar det? Betalingsats for opphald ved Høyanger dag- og treningssenter vart sist endra i kommunestyret den 16.12.2021 i sak 72/21. Dagplass pr. person er i 2022 kr. 100,-. Middagspris med dessert pr porsjon er i 2021 kr. 93,-. Middagspris utan dessert pr porsjon er i 2021 kr. 72,-. Slik søkjer du Du brukar søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester for å søkje om dagtilbod.Søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester Kontaktinformasjon Kontaktinformasjon Høyanger Dagsenter Høyanger Dagsenter held til i 3. etasje i Høyanger Helsesenter i Storgata 8 Kontaktinformasjon Høyanger Dagsenter Namn Stilling Telefon Høyanger Dagsenter 456 36 197 Thomas Rørvik Einingsleiar 992 19 341 Sist endra05.04.2022 15.07