Koronavirus - Covid 19

Status pr 03.12.2020: 5 påvist smitta, alle frå same husstand og dei sit i isolasjon. 45 personar er i karantene fram til og med fredag 4. desember. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Fysio- og ergoterapi

Fysio- og ergoterapiavdelinga er ein del av helsetilbodet i Høyanger kommune.

Aktuelle arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Kartlegging av funksjonsnivå
  • Kartlegging og vurdering av hjelpebehov
  • Rettleiing av brukarar, pårørande eller anna personell
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Opptrening av funksjonsnivå
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel. Dette skjer i nært samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral
  • Tilpassing av bustad
  • Habilitering og rehabilitering
  • Samarbeid med andre kommunale tenester, som til dømes barnehage, skule, helsestasjon, heimeteneste, dagsenter for eldre og institusjon, og samarbeid med spesialisthelsetenesta

Fysioterapi

Fysioterapitenesta omfattar tenester fra privatpraktiserande fysioterapeutar og kommunalt tilsette fysioterapeuter. Kommunalt tilsette fysioterapeuter deltek aktivt i helsestasjon- og skulehelsetenesta, habilitering og rehabilitering. Det private fysioterapitilbodet rettar seg hovudsakleg mot trening av fysiske funksjonar og kurativ behandling.

Ergoterapi

Målet er at menneske med sjukdom, skade eller lyte som har eller står i fare for å få vanskar med å utføre daglege aktivitetar, skal få redusert følgjene av funksjonsproblem og fungere best mogeleg i samfunnet.

Privatpraktiserande fysioterapeutar som mottek driftsstilskot frå Høyanger kommune:

Høyanger Akupunktur og Fysioterapi Klinikk
Høyanger Akupunktur og Fysioterapi Klinikk
Namn Besøksadr.: Postadr.: Telefon Mobil
Olav Bergum August Gunnarskogs gate 2, 6993 Høyanger Postboks 29, 6991 Høyanger 57 71 34 80 915 20 969
Line Senneseth Råheim August Gunnarskogs gate 2, 6993 Høyanger Postboks 29, 6991 Høyanger 57 71 34 80 913 93 095
Linda Viken August Gunnarskogs gate 2, 6993 Høyanger Ekornvegen 5 B, 6973 Sande 952 09 503

Kontakt

Einingsleiar. Ergoterapeut
  • Tlf: 57 71 16 61
  • Mob: 992 19 341
  • E-post: