Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse, treng hjelp for å greie praktiske gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. Du må betale for heimehjelp.

Kva kan du få hjelp til?

Du kan få hjelp til

  • enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk;  golvvask, støvsuging og vask av bad/WC
  • hjelp til vask av kle i vaskemaskin
  • skifte av sengeklede
  • hjelp til å handle inn nødvendige daglegvarer. Handling vert som hovudregel utført ein gong per veke.

Du må sjølv skaffe reinhaldsutstyr og vaskemiddel etter liste frå heimetenesta.

Slik søker du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Du bruker felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om heimehjelp:

Søk om heimehjelp - papirskjema

  • Dersom nokon hjelper deg å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden: 
    Fullmaktskjema (PDF, 71 kB)

Send søknad til:

Høyanger kommune
v/Tiltaksteamet
Postboks 159
6991 Høyanger

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknader vert handsama fortløpande.

Kva kostar det?

Det er husstanden si samla inntekt som bestemmer kor mykje du må betale for heimehjelp.

Korleis blir søknaden handsama og kor lang tid tek det?

  • Det er Tiltaksteamet som handsamar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk der dei kartlegg hjelpebehovet ditt.
  • Tiltaksteamet sender eit vedtak til deg etter heimebesøket. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka.

Dersom du treng meir informasjon

Ring Tiltaksteamet ved leiar på mobil 992 19 305 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.

Ring den lokale heimetenesta om du har andre spørsmål

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som siste klageinstans. 

Aktuelle lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova

Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester