Jordmor og svangerskapsomsorg

Velkommen til svangerskapsomsorga i Høyanger kommune!

Svangerskapsomsorga er eit gratis tilbod til alle gravide om kontrollar gjennom heile svangerskapet. Målet er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for babyen og for dykk som skal verte foreldre. 

Jordmortenesta er ein del av Høyanger helsestasjon og me samarbeidar tett med fastlege, spesialisthelsetenesta, helsesjukepleiarar, psykolog, fysioterapeut og barnevern.

Alle konsultasjonane er gratis. Første konsultasjon varer i ca. 60 - 90 minutt. Vidare konsultasjonar varar i 30 - 60 minutt. 

Konsultasjonane omfattar:

  • helseundersøkingar
  • prøvetaking
  • samtalar
  • informasjon
  • rettleiing
  • rådgivning

Dette skal du ta med på kontroll

Kvar gong du skal på kontroll, skal du ta med

  • helsekortet ditt (som du får på den første svangerskapskontrollen)
  • urinprøve (teken om morgonen same dag som du skal til kontroll

 

Vil du vite meir?

Her finn du brosjyrar og lenker til nyttige og trygge nettstader.

Høyanger helsestasjon
kontortelefon
Telefon 57 71 16 12