Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 01.04.2020: Det er godt nytt at det ikkje er nye smittetilfelle og det er heller ikkje påvist smitte mellom smitta helsepersonell og pasientar. Takk til Lederne avd 49 Høyanger som har kjøpt inn fire IPAD til bruk i helse og omsorg.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Høyanger Frivilligsentral

Høyanger frivilligsentral er ein del av rehabiliterings-/habiliteringstilbodet til personar med ulike utfordringar innan fysiske og psykiske lidingar, samt rusproblematikk der den einskilde kan delta på ulike aktivitetar og få tilpassa arbeidstrening.

Høyanger Frivilligsentral har som målsetting å betre brukarane si kjensle av god livskvalitet ved å tilby eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre, førebyggje isolasjon og hjelpe brukaren til meistring og integritet i kvardagen. Vi samarbeider tett med psykiatritenesta i open omsorg og NAV.

Bruktbutikken er ein sentral del av vårt daglege virke, der frivillige er ein viktig ressurs. Vi sel brukte møblar og gjenstandar. Her er òg sal av produkt som er laga på frivilligsentralen.

Kontakt

Einingsleiar Høyanger Frivilligsentral
  • Tlf: 57 71 23 45
  • Mob: 992 19 348
  • E-post: