Jordmor - svangerskap og fødsel

Er du gravid, får du tilbod om svangerskapskontroll hjå jordmor. Målsettinga er å sikre mest mogleg normal utvikling av svangerskapet for både mor og barn.

Viss du er frisk, kan du velje om du vil ha oppfølging av jordmor eller fastlege i svangerskapet eller ved eit samarbeid med desse. Ved komplikasjonar samarbeider jordmor med spesialistar ved fødeavdelinga.

Svangerskapsomsorg innheld medisinsk kontroll av mor og barn, samt individuell oppfølging for å førebu denne viktige forandringa i livet. Tilbodet er lagt opp i tråd med retningsliner frå helsedirektoratet.

Jordmor informerer om

  • organisering og tilbod i svangerskapsomsorga
  • rutineundersøkingar og anbefalte levevaner
  • fosteret si utvikling
  • råd og rettleiing i forhold til eventuelle plager og individuelle behov
  • førebuing til fødsel, amming og foreldrerolle
  • tilbod om barselsamtale etter fødsel

Kvar gong du skal på kontroll - ta med:

  • Urinprøve (teke om morgonen før frukost same dag som du skal til kontroll)
  • Helsekortet for gravide og eventuelle prøvesvar

Kvar finn du jordmor?

Jordmor har kontor på Høyanger helsestasjon, 3. etasje i Høyanger helsesenter, Storgata 8.

Kart
Høyanger helsestasjon

Høyanger helsestasjon finn du i 3. etasje på Høyanger helsesenter.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 21.10.2015 av Anita Taftø

Kontakt

bilde av personen: Aud Kjersti Haugen
Jordmor

 

 
 
Login for redigering