Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 01.04.2020: Det er godt nytt at det ikkje er nye smittetilfelle og det er heller ikkje påvist smitte mellom smitta helsepersonell og pasientar. Takk til Lederne avd 49 Høyanger som har kjøpt inn fire IPAD til bruk i helse og omsorg.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått den tenesta du ønskjer
  • forhold ved tenesta du ikkje er fornøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • sakshandsaminga

Klage på vedtaket

Har du fått avslag på ei helseteneste du meiner du har rett på, kan du klage. Dette kallast ein rettigheitsklage. Ein rettigheitsklage sender du til Høyanger kommune, Tiltaksteam, postboks 159, 6991 Høyanger. Vi går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast.

Om vedtaket ikkje vert endra etter handsaming i klageutval for helse- og omsorgstenester, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som avgjer saka.

Klage på tenesta

Dersom du er misnøgd med ei helseteneste du får, til dømes på sjukeheim, bør du først vende deg munnleg eller skriftleg til einingsleiar. Ver tydeleg på kva du er misnøgd med og kva du ønskjer å endre.

Når dei som utfører tenesta, får klagen din, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klagen fram, må du sjølv sende ein skrifteg klage til Fylkesmannen som gjer ei vurdering i saka.

For å få medhald i klagen kan Fylkesmannen starte ei tilsynssak. Avdekkar dei feil, må desse utbetrast. Får du ikkje medhald frå Fylkesmannen, er neste klageinstans Sivilombodsmannen.

Hjelp til å klage

Treng du hjelp til å klage, kan du ta kontakt med Høyanger kommune, tlf. 57 71 16 00.

Du kan også ta kontakt med Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane. Dei hjelper deg med spørsmål om helsetenester og gir råd og rettleiing om rettar du har som pasient.