Treng du (re)habilitering?
- Har du nedsett funksjons- eller meistringsevne?
- Treng du assistanse frå fleire aktørar?
- Har du behov for samordning av tiltak?
Kan du svare "ja" på desse spørsmåla, kan du be om tenesta. Teneste gjeld for all medfødd eller erverva helsesvikt, diagnosegrupper og aldrar.
Kva er (re)habilitering?
Du skal oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og kunne delta sosialt og i samfunnet; i heim, arbeid, skule og fritid.
Aktørane skal gje deg naudsynt bistand eller hjelp. Det vert lagt til rette for at du skal kunne yte best mogleg innsats i eiga (re)habilitering ut frå dei ressursane du har.
Korleis arbeider ein med (re)habilitering?
Du vil få tildelt ein fagperson som vert din koordinator. Denne personen assisterer deg i rehabiliteringsprosessen. Treng du assistanse frå fleire fagpersonar eller aktørar, vert det oppretta ansvarsgrupper.
Du, saman med koordinator og ansvarsgruppa, planlegg din rehabiliteringsprosess og eventuelt utarbeider din individuelle plan.
Kva kan stå i individuell plan?
Planen er ein reiskap i å planlegge og legge til rette aktivitets- og tenestetilbodet ditt og å arbeide mot meistring og personleg utvikling. Planen vil mellom anna innehalde deltakarar, målsettinga di og korleis vi kan nå måla dine.
Korleis når du tenesta?
Du eller fagpersonane du er i kontakt med, melder inn behovet til koordinerande eining. Du får tildelt ein koordinator og tilbakemelding om korleis din rehabiliteringsprosess vil bli sett i gang.
Brukarmedverknad
Det er ditt liv det handlar om. Du er alltid med i prosessen og kan ta med deg ein støtteperson som kan representere deg. Du samtykker til aktørane det er behov for å ta med og dei vala som vert gjort.
Når vert rehabiliteringstilbodet avslutta?
Rehabiliteringsprosessen er tidsavgrensa. Prosessen vert avslutta når du har nådd forventa mål eller det ikkje lenger er trong for samordning. Prosessen kan starte opp att ved nye behov. Du kan ta i mot bistand sjølv om rehabiliteringsprosessen er avslutta.
Kontaktinformasjon
Høyanger kommune
Koordinerande eining
Postboks 159
6991 Høyanger
E-post: postmottak@hoyanger.kommune.no
Kontaktinformasjon:
Aina Beate Haveland: 97 15 47 48
Ingrid Sviggum Håre: 46 88 28 10