Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Arrangement-, kultur- og idrettsliv

Det er innført grense på inntil 20 personer på private samlingar på offentlege stader og i leigde lokale. 50 personar på arrangement innandørs utan fastmonterte seter. Inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte seter.

Reglar for arrangørar  

 

Krav om bordservering ved arrangement

Ved arrangement som har skjenkebevilling skal servering av alkohol skje ved bordservering og gjestar skal ikkje sleppast inn etter kl. 22.00. Utøving av skjenkebevilling etter alkohollova kapittel 4 og 5 skal stoppe kl. 24.00. Konsum av allereie skjenka alkoholhaldig drikk, må stoppe seinast 30 minutt etter dette.» 

Sjå kva som gjeld for ansvarleg arrangør.

  • ​​Deltakarane må halde minst ein meter avstand frå kvarandre og det må vere ein ansvarleg arrangør. Dette gjeld alle arrangement. Inntil 600 personar i arrangement utandørs, fordelt i grupper på inntil 200 personar i fastmonterte seter, med heile tida minimum to meter avstand mellom gruppene.»

  • Arrangøren skal halde oversikt over kven som er tilstade og ansvarleg for at smittevernråda vert følgt. 

  • De som er ansvarleg arrangør har eigne prosedyrar eller bransjestandardar for å ivareta smittevern og fører liste over dei som er til stades på arrangementet. Slike lister skal ein ta vare på i 10 dagar. 

  • Det er arrangøren som har ansvar med å overhalde føringane og kommunen er pålagt i §18 i forskrift om smitteverntiltak m.v. ved koronautbrudd å føre tilsyn. 

Sjå kva som er omfatta offentleg stad og arrangement på helsenorge.no

 

Er du ansvarleg arrangør og i tvil om du kan arrangere?

Vi ønsker at arrangørar skal halde seg til regelverket.

Dei som ønsker det kan registrere sitt arrangement og legge ved dokumentasjon så er vi informert. Er de i tvil om det kan arrangerast og treng rettleiing eller godkjenning, må det søkast. I utgangspunktet kan vi ikkje dispensere frå max deltakarar (600 utandørs og 200 innandørs), men vi kan gje råd om gjennomføring og organisering. 

Meld inn arrangementet eller aktiviteten innan 5 virkedagar før dato.

E-post: postmottak@hoyanger.kommune.no

Når eit arrangement blir avlyst, er det arrangøren sjølv som må bere dei økonomiske kostnandane dette fører til, jamfør smittevernlova 4-1 og 1-5. Sjå eige rundskriv frå staten.

Ved arrangement for menneske i risikogrupper, ber vi om at dei får arrangement vurdert av kommuneoverlegen.

Slik søkjer du om leige av kommunale bygg til private arrangement