Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Koronavaksine

Vaksinering i Høyanger kommune


Alle som skal ta vaksine må samtykke til dette. 

Alle over 18 år må melde seg for vaksinering

Du må også registrere deg om du ikkje vil ta vaksine. Vi tilbyr elektronisk registrering av alle personar frå og med 18 år til og med 74 år, som ønsker/ikkje ønsker vaksine mot Covid-19 i Høyanger kommune. For at vi skal kunne nå deg, når det er din tur til å få vaksine, må du registrere deg. 

Registrer deg her

 

Informasjonsmateriell koronavaksine til ungdom (PDF, 342 kB)

 

Har du spørsmål i samband med vaksinering ring tlf 992 19 398.
Telefonen er open måndag - torsdag, kl. 08:00 - kl. 15:00.


Vi får tilsendt vaksine etter plan frå nasjonale myndigheiter, sjå oversikt lenger nede i artikkelen.

Når det er din tur for vaksinering får du SMS for val av tidspunkt.  


Tabellen nedanfor viser vaksinasjon og vaksinerte hittil i Høyanger kommune. Det er usikkert kor mange dosar vaksine vi får kvar veke, slik at planlegging av vaksinering kan vere noko utfordrande. Høyanger kommune forheld seg til nasjonale retningsliner. Denne oversikten blir oppdatert jamnleg.

Status vaksinerte i Høyanger per 15. oktober:

dose 1: 3151 (77,8%)
dose 2: 2843 (70,2 %)

 

Gjeldande prioriteringsrekkefølge for koronavaksine: 

  1. Bebuarar i sjukeheim utvalde grupper av helsepersonell #
  2. Alder 85 år og eldre og utvalde grupper av helsepersonell #
  3. Alder 75-84 år utvalde grupper av helsepersonell #
  4. Alder 65-74 år utvalde grupper av helsepersonell #
     og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg       utvikling 
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand  
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand
  8. Alder 55-64 år 
  9. Alder 45-54 år 
10. Alder 18-24 år og 40-44 år
11. Alder 25-39 år
12. Alder 16-17 år
13. Alder 12-15 år

#Folkehelseinstituttet vurderer at det er stor fare for mange nye lokale utbrot og auke regionalt. Utvalde grupper av helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta prioriterast difor saman med dei eldste. Kunnskapen om dei godkjende vaksinene sin tryggleik og effekt samt status for smittesituasjonen i landet, vil vere avgjerande for ei eventuell utviding av prioritet for helsepersonell.

Les meir om prioriteringsrekkefølge på FHI si side

Fordeling av vaksine på kommunenivå

 

Koronavaksinasjonsstatistikk

Sida til FHI viser tal personar som er vaksinert dagleg med 1. og 2. dose av vaksine mot covid-19 i Noreg. 
Du kan velge fylke og sjå dagleg tal for personar som er vaksinert for kvart fylke. Tal vaksinerte er registrert etter dato for når vaksina er sett. Det er ei forsinking i tida frå vaksina vart sett til registrering i Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Tal vaksinerte vert difor oppdatert bakover i tid når nye meldingar kjem inn.
Vaksina er ikkje godkjent til personar under 16 år. I dei tilfelle der dette er gjort er desse ikkje inkludert i kjønn- og aldersstatistikken, men likevel tatt med i totale tal vaksinerte.

Regjeringa har bestemt at intervallet mellom dose 1 og dose 2 for vaksine skal utvidast frå 6 til 12 veker. Dette vil føre til at fleire får tilbod om første dose tidlegare. Les meir om endringa her 


Vaksinasjonsscenario

Nasjonal prognose for vaksinering 

 

Råd og reglar for deg som er vaksinert eller har gjennomgått covid-19