Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Informasjon om besøk i sjukeheimar og omsorgsbustadar

Institusjonsbebuarane i Høyanger kommune er nær ferdig vaksinerte mot covid-19, og vil ha redusert risiko for å utvikle sjukdom. 
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har endra fleire av råda for besøk i institusjon.

Høyanger kommune følgjer nasjonale råd og tilrådingar.

 

FHI - endra råd om besøk i institusjon 

Det har vore strenge besøksrestriksjonar i lang tid. No når nær alle institusjonsbebuarane er vaksinerte, kan vi lette på nokre av tiltaka. Vi gjer merksam på at vaksinen ikkje beskyttar heilt og fullt, men det er vesentleg mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon.

Det er helsepersonell og brukarar/pasientar i institusjon/heimetenesta som ikkje er vaksinerte. Det er difor framleis naudsynt å oppretthalde nokre besøksrestriksjonar for å verne desse.

Besøkande i institusjon:

  • Besøk skal vere avtala med avdelinga på førehand.
  • Pårørande som kjem frå eller har vore på reise i område med høgt smittepress, bør følgje smittevernråda for område med høg smitterisiko. (Vis til negativ koronatest før besøk i sjukeheim).
  • Alle besøkande vert framleis risikovurdert via screeningsskjema, og avdelinga fører besøksprotokoll.
  • Besøk kan skje i brukar/pasient sitt rom. Er det fleire enn to på besøk om gongen, slik at ein ikkje kan halde krav om avstand på 1 meter, skal besøksrom nyttast.
  • Besøk utanfor institusjon: som før, risikovurdering via screening av dei ein skal vere saman med.
  • For alvorleg sjuke/døyande pasientar har vi eigne retningslinjer for besøk.

Besøkande i omsorgsbustad:

  • Omsorgsbustad er brukar sin private heim og brukar bestemmer sjølv om vedkomande ønsker å ta i mot besøk
  • Brukar vert oppmoda om å følgje dei nasjonale retningslinene og avgrense tal besøkande, i tråd med dei til ein kvar tid gjeldande retninslinene. Det er tilrådd at det bør haldast minimum 1 meter avstand.

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

  • Besøkande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde regel om minimum 1 meter avstand til andre bebuarar, besøkande og personalet
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand
  • Besøkande vert oppmoda om å melde frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

Vaksinerte pasientar/brukarar:

  • Vaksinerte pasientar/brukarar kan igjen ha nærkontakt med nokre av sine næraste. Vi tilrår at dei næraste vert avgrensa til fem personar.  

FHI - Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar

Helsedirektoratet sin rettleiar for besøk til pasientar og bebuarar