Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Koronavaksine

Vaksinering i Høyanger kommune

Alle som skal ta vaksine må samtykke til dette. Medio januar sendte vi ut 533 informasjonsbrev til dei over 75 år. Denne gruppa er snart ferdig vaksinert og vi treng no informasjon om personar frå alderen 74 år ned til 18 år. Alle i denne aldersgruppa vil få SMS om elektronisk registrering. Dersom du allereie har registrert deg elektronisk, treng du ikkje gjere det igjen.  

Når det er din tur for vaksinering får du SMS for tidspunkt eller vi tar kontakt per telefon.  
 

Alle over 18 år må melde seg for vaksinering

Du må også registrere deg om du ikkje vil ta vaksine. Vi tilbyr elektronisk registrering av alle personar frå og med 18 år til og med 74 år, som ønsker/ikkje ønsker vaksine mot Covid-19 i Høyanger kommune. For at vi skal kunne nå deg, når det er din tur til å få vaksine, må du registrere deg. 

Registrer deg her

 

Vi får tilsendt vaksine etter plan frå nasjonale myndigheiter, sjå oversikt lenger nede i artikkelen.

Tabellen nedanfor viser vaksinasjon og vaksinerte hittil i Høyanger kommune. Det er usikkert kor mykje vaksinar vi får kvar veke slik at planlegging av vaksinering kan vere noko utfordrande. Høyanger kommune forheld seg til nasjonale retningsliner. Denne oversikten blir oppdatert jamnleg.

Vaksinasjon og vaksinerte i Høyanger kommune, oversikt pr veke
Veke Motteke tal hetteglas vaksine Tal vaksinerte Kor i kommunen er det vaksinert? Tal helsepersonell som er vaksinert
1 4 26 Gruppe 1, Kyrkjebø 0
2 3 15 Gruppe 1 Høyanger 3
3 3 14 Gruppe 1 og 2 Høyanger 0
4 13 86 Gruppe 1 og 2 Kyrkjebø og Høyanger 23
5 10 72 Gruppe 1 Høyanger og gruppe 2 og 3 sørsida 13
6 10 70 Gruppe 1 Kyrkjebø og Høyanger. Gruppe 2 og 3 Lavik og Høyanger 9
7 18 126 Gruppe 2 og 3 Høyanger 11
8 7 Revaksinering Gruppe 1 Høyanger. Gruppe 2 og 3 sørsida 0
9 Revaksinering Gruppe 2 og 3 Lavik og Høyanger 66
10 Revaksinering Gruppe 2 og 3 Høyanger 12
11 9 63 Gruppe 2 og 3 Høyanger
12 8 56 Gruppe 3 og 4 Lavik og Høyanger
13 15 105 Gruppe 3 og 4 Høyanger
14 23 161 Gruppe 4 Høyanger
15 23 161 Gruppe 3 og 4 Lavik, sørsida og Høyanger

Gjeldande prioriteringsrekkefølge for koronavaksine: 

1. Bebuarar i sjukeheim utvalde grupper av helsepersonell #
2. Alder 85 år og eldre og utvalde grupper av helsepersonell #
3. Alder 75-84 år utvalde grupper av helsepersonell #
4. Alder 65-74 år utvalde grupper av helsepersonell #
og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg utvikling 
5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand  
6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand
7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand
8. Alder 55-64 år 
9. Alder 45-54 år 

#Folkehelseinstituttet vurderer at det er stor fare for mange nye lokale utbrot og auke regionalt. Utvalde grupper av helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta prioriterast difor saman med dei eldste. Kunnskapen om dei godkjende vaksinene sin tryggleik og effekt samt status for smittesituasjonen i landet, vil vere avgjerande for ei eventuell utviding av prioritet for helsepersonell.

Les meir om prioriteringsrekkefølge på FHI si side

Fordeling av vaksine på kommunenivå

Koronavaksinasjonsstatistikk

Sida til FHI viser tal personar som er vaksinert dagleg med 1. og 2. dose av vaksine mot covid-19 i Noreg. 
Du kan velge fylke og sjå dagleg tal for personar som er vaksinert for kvart fylke. Tal vaksinerte er registrert etter dato for når vaksina er sett. Det er ei forsinking i tida frå vaksina vart sett til registrering i Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Tal vaksinerte vert difor oppdatert bakover i tid når nye meldingar kjem inn.
Vaksina er ikkje godkjent til personar under 16 år. I dei tilfelle der dette er gjort er desse ikkje inkludert i kjønn- og aldersstatistikken, men likevel tatt med i totale tal vaksinerte.

 

Vaksinasjonsscenario

Nasjonal prognose for vaksinering 

 

AstraZeneca vaksine

Vi har vaksinert helsepersonell med AstraZeneca vaksine. 
Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ei oversikt over kva som er vanlege biverknadar etter AstraZeneca vaksinasjon og kva dei vaksinerte bør vere merksam på.