Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

I samband med nedstenging av fleire kommunar på austlandet, har Høyanger kommune følgjande oppmoding og presisering som gjeld i første omgang til 31. januar:

For dei over 75 år har vi utvida fristen til

onsdag 27. januar


for å kunne svare på om du vil ta imot vaksine eller ikkje.

 

 

Som følge av at Stortinget opphevar reglane om nasjonal skjenkestopp opnar Høyanger kommune opp for skjenking, slik det går fram av dei nye anbefalingane.

Høyanger har lite smittetrykk og kan difor opne opp for skjenking for dei som har skjenkeløyve i vår kommune og elles kan gjere dette i tråd med nasjonale smittevernreglar. 

Dette er dei nye reglane som gjeld frå 19.01.2021:

  • Ungdomsskular og vidaregåande skular vert nedjustert til gult nivå. Skulane kan om naudsynt halde raudt nivå.
  • Barn og unge under 20 år kan delta i fritidsaktivitetar som normalt, både innandørs og utandørs. Trening kan gjennomførast. Kampar, cup og stevne må framleis utsettast.
  • Vaksne kan trene utandørs om det er mogleg å halde god avstand.
  • Toppidretten vert oppmoda om å utsette alt seriespel i to veker.
  • Oppmodinga om digital undervisning vert vidareført. (Fagskular, høgskular, universitet). Det bør sikrast fysisk undervisning ein gang i veka om det er mogleg å utføre i tråd med smittevernråda.
  • Oppmoding om å utsette kulturarrangement. Gjeld ikkje gravferd.
  • Vidarefører oppmoding om å unngå reiser som ikkje er naudsynte.
  • Oppmoding om at alle i størst mogleg grad avgrensar den sosiale kontakten sin. Ikkje meir enn 5 gjester i tillegg til husstanden. Ein må ikkje vere fleire enn at ein klarer å halde avstand.
  • I private samankomstar utanfor eigen heim kan ein ha 10 personar innandørs, 20 personar utandørs.
  • Skjenkeforbodet vert vidareført, men det vil bli gjort ny vurdering neste veke.

Vi satsar på å starte med vaksinering i slutten av januar månad. Det er dei over 75 år som er heimebuande eller bur i omsorgsbustad, som først får tilbod om vaksinering. I samband med dette sender vi ut informasjonsbrev til alle i løpet av veka. Dersom du ikkje mottek brevet kan du også finne det på sida her.

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby vaksine til innbyggarane sine. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er framleis usikkert kor raskt vi får ut vaksine og kan tilby den til dei prioriterte gruppene. I første omgang får vi i Høyanger 20 dosar i veke 1 og 15 dosar i veke 2. Vaksinasjonen vil starte på Kyrkjebø sjukeheim.  

For å ha kontroll på smittespreiinga og avgrense ny auke i smitte, er det iverksett forsterka nasjonale smitteverntiltak i førebels to veker frå 4. januar.

Kommunen har hatt møte med bakgrunn i FHI sine smitteverntiltak som vart publisert 03.01.2021, og i samsvar med dette gjort følgande tiltak, gjeldande til 18.01.2021:

Det nærmar seg jul og målet er ei hyggeleg julefeiring for alle. Det er likevel naudsynt med smitteverntiltak også i jula, slik at vi ikkje spreier covid-19 smitte. Regjeringa har i samråd med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet  justert nokre av tiltaka for jula slik at vi kan møte litt fleire av venene og familien vår.