Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Koronatesting

Bestill testing for koronavirus 


Reglar for testing:

Om person som er bekrefta smitta med covid-19, har uvaksinerte husstandsmedlemmar over 18 år, har desse plikt til å teste seg. Testinga skal skje ved å teste seg i 7 påfølgande dagar med sjølvtesting, eller annankvar dag i 7 dagar med PCR-test.

Råd om at følgande personar testar seg:

-Alle med nyoppstått luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus.
-Uvaksinerte husstandsmedlemmer under 18 år til person bekrefta smitta med covid-19. Tilrår at desse følger eitt av dei to testregimene for uvaksinerte husstandsmedlemmer over 18 år.
-Tilrår at vaksinerte husstandsmedlemmer til bekrefta smitta person, å teste seg to gangar i løpet av ei veke. Nærkontaktar i husstanden bør halde seg heime til det føreligg negativt første prøvesvar.
- Helsedirektoratet vil i tillegg frå 25. november innføre ei fagleg retningsline om at uvaksinert helsepersonell med pasientkontakt skal teste seg regelmessig og bruke munnbind i definerte situasjonar.

Til deg som har tatt koronatest
 

Informasjon om koronatesting og sjølvtest/hurtigtest

Testing (PCR) føregår i Storgata 3, 6993 Høyanger (test-teltet ved gulebygget Hydro). Det vert testa kvar dag, måndag til fredag kl. 11-12.

I helg og heilagdagar kan du via legevakta i Førde få utlevert sjølvtest

Utlevering av gratis sjølvtest/hurtigtest:

- test-teltet i Høyanger kl. 11 alle kvardagar
- ved heimesjukepleien i Lavik
- ved Sørsida Bygdetun mellom kl 11-12 alle kvardagar

Det vert utlevert to testar i lag med enkel rettleiing. Desse skal utleverast til personar med ny-oppstått luftvegs-symptom, vaksinerte og uvaksienerte nærkontaktar. 

Du kan lese meir om bruk av sjølvtest her

PCR-test (den djupe i nasa) vert hovudsakleg nytta til å verifisere ein positiv hurtigtest, ved reiser der ankomst-land krev PCR og ev. ved eksponering/sannsynleg smitte.

Dersom du ønsker PCR-test/sjølvtest i Lavik eller på Sørsida må du ta kontakt med legesenteret, tlf. 57713900 i tidsrommet kl 8:15-10:30 og kl 13:00-15:00.

Timebestilling og testing er gratis.

Du finn svar på PCR-prøva di på helsenorge.no, ila 1-3 døgn etter prøvetaking (ved stor pågang kan det forventast lenger svartid).