Lokal smitterisikovurdering for Høyanger kommuneKommuneoverlegen har ansvar for løpande å vurdere risiko ved utbrot og den generelle smittesituasjonen i Høyanger kommune. Kommuneoverlegen vurderer epidemiologisk situasjon, spreiingspotensial og forventa sjukdomsbyrde. Smitterisiko sist vurdert: 1. mars 2021 Kommuneoverlegen sin konklusjon: Høyanger har no ingen kjende smittetilfelle og ingen kapasitetsutfordringar innan TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene). Risikonivå i Høyanger kommune i veke 8 er på nivå 1. Folkehelseinstituttet sin tabell over risikonivå Bakgrunn for lokal smitterisikovurdering Statsforvaltaren (det nye namnet på fylkesmannen frå 2021) skal gå igjennom Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sine rapportar om situasjonen i fylket saman med kommunane. Kommunane sitt risikonivå blir fastsett utifrå vurdering av situasjonen, til ei kvar tid. Statsforvaltaren oppdaterer alle desse risikonivåa på si heimeside. Dersom dei samla risikovurderingane tilseier at tiltaka bør endrast i geografiske område med fleire kommunar, skal statsforvaltaren bidra til samordning av tiltaka, slik at ein unngår unødvendig variasjon. Statsforvaltaren skal også fremje samarbeid og gjensidig bistand mellom kommunane. Du kan lese meir om risikovurdering på FHI sine nettsider Publisert02.02.2021 08.56 Sist endra01.03.2021 08.52