Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Reiseråd

Her finn du dei nasjonale reiseråda som gjeld:  

Det globale reiserådet vert forlenga frå 15. april til 15. mai:

 

****

Kommuneoverlegane åtvarar mot smitteimport frå område i Noreg med høg smitte

Den første tida etter heimkomst frå område med høgt smittepress har du høgare risiko for å vere smitta, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytte dei rundt deg. 

Oppmoding frå kommuneoverlegane i opptaksområdet til Helse Førde

  • Hald 2 meter avstand til alle, viss du ikkje kan halde avstand bruk munnbind – eldre og kronisk sjuke har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta.
  • Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre.
  • Ikkje oppsøk stadar der folk samlast.
  • Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit.
  • Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber.

Auka smittepress fleire stader i landet har ført til ei innstramming av nasjonale føringar som er konkretisert i Covid-19-forskrifta. 

Smittepresset varierer mykje mellom og innad i dei ulike regionane i landet. På VG sine heimesider kan ein finne god oversikt over smittestatus i landet - heilt ned på kommunenivå.


Særleg Oslo- og Bergensregionen og randkommunar til desse har høge smittetal. Status i kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane er meir oversiktleg med låge smittetal hittil, men vi er uroa for at den alvorlege smittesituasjonen i andre delar av landet skal spreie seg til vårt distrikt.

Vask hender, hugs meteren og hald deg heime om du er sjuk

Pandemien har vart lenge, og vil vare i lang tid enno. Den nasjonale strategien er at vi alle held fast på dei generelle smittevernstiltaka med å halde oss heime ved symptom, hald 2 meters avstand til andre eller bruk munnbind, ha god hand- og hostehygiene og avgrense talet nærkontaktar. I tillegg nyttar ein TISK- strategien  som inneber omfattande Testing for covid-19, Isolering av smitta personar, rask Smittesporing og å sette nærkontaktar i Karantene for å hindre at smitten spreier seg. Lokale forskrifter nyttar ein ved ein ukontrollert smittesituasjon der denne tilnærminga ikkje lenger er effektiv nok.

I tidlegare Sogn og Fjordane har denne strategien så langt vore vellukka. Dette skuldast nok mellom anna vår geografisk spreidde befolkning og innbyggarane si generelt gode evne til å følge smittevernsråda. Vi meiner at no, med så mykje smitte i regionar nære oss, er det viktig å presisere det ansvaret kvar einskild har for å opptre på ein smittevernsmessig forsvarleg måte.

Vi oppmodar alle om å reise minst mogleg. Om ein har vore i eit område med pågåande lokalt utbrot dei siste 10 dagane, må ein vise eit særskilt omsyn til dei rundt seg.