Koronatesting

Har du symptom, ta ein sjølvtest

• Kun vaksne med nyoppstått luftvegssymptom blir oppmoda om å ta ein sjølvtest.
Du får gratis sjølvtest frå kommunen om du har symptom. 

• Testar du positivt på sjølvtest, bør du vere i isolasjon i fire døgn frå du fekk symptom og uansett til du har vore feberfri i eitt døgn.


Registrer positiv sjølvtest her


Sjekkliste for deg som testar positivt 

Sjølvtest og tryggleik

• Positive resultat av sjølvtest er sikre. Om testen viser at du er smitta, kan du rekne med at det er rett resultat.
• Det er ingen smittvernfagleg grunn til å ta ny test for å bekrefte positivt resultat av sjølvtest.

Utlevering av gratis sjølvtest:

Vil du ha sjølvtest må du først ringe og avtale utlevering, vi deler ut sjølvtestar desse plassane i kommunen:

- Høyanger rådhus, opent måndag - fredag kl 08:00-15:45, tlf 57711500
- Høyanger bibliotek, sjå opningstidene her, tlf 57711590
- Sørsida bygdetun, dagleg kl 10-12, tlf 992 19 322
- Heimesjukepleien i Lavik, dagleg kl 13-15, tlf 992 19 320.  

I helg og heilagdagar kan du via legevakta i Førde få utlevert sjølvtest
Du kan lese meir om bruk av sjølvtest her

Har du tre vaksinedosar bør du ikkje ha bekreftande test etter positiv sjølvtest

• Du som har fått oppfriskingsdose (boosterdose) eller har fått to vaksinedosar og hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månedane, er det ikkje behov for bekreftande test. 

• Bekreftande test vert kun anbefalt til følgande personar: personar som er ufullstending vaksinert, dvs. manglar oppfriskingsdose (booster) og har behov for koronasertifikat. Den enkelte bør sjølv vurdere behovet for å ha gyldig EU-koronasertifikat dei neste 180 dagane.

Meir informasjon om bekreftande test finn du her 

Informasjon om testing 

Bekreftande test bestiller du ved Høyanger legekontor, tlf.: 57 71 39 00

Testing føregår på Høyanger legekontor si smitteavdeling, adr. Storgata 8, 6993 Høyanger.
Det vert testa måndag, onsdag og fredag kl. 11-12.
Ta omsyn til informasjonen du får ved bestilling av test frå helsepersonell.   

Testing i Lavik og sørsida 

Dersom du har behov for bekreftande test i Lavik eller på Sørsida må du ta kontakt med legesenteret, tlf.  57713900, måndag - fredag, i tidsrommet kl 8:15-10:30 og kl 13:00-15:00.
Timebestilling og testing er gratis.
Svar på test finn du ved å logge deg inn på helsenorge.no,
Du får svar i løpet av 1-3 døgn etter prøvetaking (ved stor pågang kan det forventast lenger svartid).