Dose 4
Etter råd frå FHI tilbyr vi 4. dose koronavaksine til personar med immunsvikt og personar over 80 år som ikkje har gjennomgått koronasjukdom. Personar over 80 år kan tidlegast få 4. dose koronavaksine fire månadar etter oppfriskingsdosen. Er du i målgruppa og ønsker å ta 4. dose koronavaksine må du sjølv ta kontakt, for å få time til vaksinasjon.
Timebestilling til 4. dose koronavaksine kan du gjere torsdagar og fredagar mellom kl. 10:00 og 14:00 på telefon 99 21 93 98.
Tilbod om ny vaksine
Vi gjev tilbod om ny vaksine Nuvaxovid fra Novavaxsom. Dette er ei proteinbasert vaksine og byggjer på ein meir tradisjonell vaksineteknologi enn mRNA-vaksina. Nuvaxovid fikk betinga godkjenning av det europeiske legemiddelbyrået (EMA) i slutten av desember 2021 til bruk fra 18 års alder, og som dose 2 og dose 3.
Vaksina har vist å gi god beskytting mot koronasjukdom.
Ønskjer du denne vaksina, ta kontakt med vaksinetelefonen for bestilling, tlf 992 19 398.
Vaksine for barn frå 5 til 15 år
Vi tilbyr gratis koronavaksine til alle barn i alderen 5-15 år. Alle vil få tilbod om Pfizer vaksine.
Status vaksinerte i Høyanger kommune, per 06.05.2022:
dose 1: 3256 (82,1 %)
dose 2: 3087 (77,9 %)
dose 3: 2504 (63,2 %)
Vi får tilsendt vaksine etter plan frå nasjonale myndigheiter
Prioriteringsrekkefølge for koronavaksine
Les meir om prioriteringsrekkefølge på FHI si side
Koronavaksinasjonsstatistikk
Sida til FHI viser tal personar som er vaksinert mot covid-19 i Noreg.
Du kan velge fylke og sjå dagleg tal for personar som er vaksinert for kvart fylke. Tal vaksinerte er registrert etter dato for når vaksina er sett. Det er ei forsinking i tida frå vaksina vart sett til registrering i Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Tal vaksinerte kan difor endre seg over tid. Tala vert oppdatert kvar dag i vekedagar.
Vaksina er ikkje godkjent til personar under 16 år. I dei tilfelle der dette er gjort er desse ikkje inkludert i kjønn- og aldersstatistikken, men likevel tatt med i totale tal vaksinerte.