LegeHøyanger legeteneste tilbyr kontakt med fastlegen din via Helsenorge.no. Her kan du bestille time, fornye resept, starte ein elektronisk konsultasjon med fastlegen din og kontakte legekontoret. Du når framleis legekontoret ved å ringe i opningstida. For elektronisk kontakt med fastlegen din, logg deg inn på Helsenorge.no Kontakt fastlegen på nett Når du treng hjelp, kven skal du ringe? Fastlegen din i opningstida Legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente (telefon 57 83 23 00 dersom du er utanfor distriktet) 113 når det er akutt og står om liv Treng du hjelp på dagtid, kan du ringe legekontoret og spørje om du kan få time. Det vil bli vurdert kor mykje det hastar og vanlegvis vil du få ein time på dagen dersom situasjonen krev det. Legekontora i Høyanger kommune Telefonnr: Opningstid: Telefontid: Legekontora i Høyanger kommune Høyanger legekontor Storgata 8 6993 Høyanger 57713900 Måndag til og med fredag: kl. 08:15 - 15:00 Måndag til og med fredag: kl. 08:15 - 10:30 og kl. 13:00 - 15:00 Lavik legekontor Kvamsvegen 7 6947 Lavik 57714495 Måndag og onsdag: kl. 08:30 - 14:30 Måndag og onsdag: kl. 08:30 - 11:00 og kl. 13:00 - 14:00 Legekontoret på Sørsida Sørsida bygdetun Søreide 5962 Bjordal 57710233 Tysdag: kl. 09:30 - 14:00 eller etter avtale Tysdag: kl. 09:30 - 14:00 Bytte fastlege? Du kan bytte fastlege sjølv, meir informasjon og korleis du går fram finn du på nettstaden til helsenorge. Akutt hjelp/legevakt På dagtid er legevakta ved Høyanger helsesenter. Etter kontortid er Høyanger kommune med i den interkommunale legevaktordninga SYS IKL. Du ringer alltid telefon 113 dersom du treng akutt hjelp. Legevakta si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre døme: smerter i brystet eller magen pustevanskar akutt sjukdom eller alvorleg forverring av kronisk sjukdom nedsett allmenntilstand hjå born alvorleg akutt psykisk sjukdom/rusproblematikk, evt. forgiftning mistanke om komplikasjonar i svangerskap kuttskader som må syast andre skader som treng nærare undersøking, evt. også med røntgenbilete uklare tilstandar med urovekkande symptom spedbarn med uklare symptom Kart over legekontora i Høyanger kommune: Kart : Legekontor i Høyanger kommune Publisert07.01.2015 15.46 Sist endra10.09.2020 11.13