Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er ein bustad som er lettstelt og tilrettelagt for røyslehemma, og der vi gjev tilbod om heimebaserte pleie- og omsorgstenester etter individuell behovsvurdering. Vi har omsorgsbustader i Høyanger helsesenter, i Lavik helsesenter og på Sørsida bygdetun. Bustadane har romløysingar på eit plan som er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

 

Kven kan få omsorgsbustad?

Omsorgsbustad vert tildelt personar med ulike funksjonsvanskar av fysisk, psykisk eller sosial art og/eller alder som treng tilrettelagt bustad og ulike tenester.

  • søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen
  • søkjar må ha behov for heimesjukepleie/heimehjelp
  • søkjar må ha eit særleg stort hjelpebehov og/eller ha spesielt nytte av nærleik til institusjonen, no eller i nær framtid
  • søkjar bør kunne bruke tryggleiksalarm
  • søkjar må sjølv ønskje omsorgsbustad
  • det må vere ledig omsorgsbustad i kommunen 

Korleis søkje om omsorgsbustad?

Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden. Tiltaksteamet i kommunen handsamar søknaden og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp.

Søknad om omsorgsbustad skal sendast til:

Høyanger kommune, v/tiltaksteamet, postboks 159, 6991 Høyanger.

Korleis vert opphald i omsorgsbustad regulert?

Opphald i omsorgsbustad er regulert gjennom husleigekontrakt.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 20.10.2015 av Anita Taftø

Kontakt

Einingsleiar open omsorg Høyanger

 

Einingsleiar open omsorg Lavik

 

bilde av personen: Monica Dåvøy
Einingsleiar open omsorg Sørsida

 

 
 
Login for redigering